Martin Accad møter mange kristne i Midtausten som er redde for islam. (Foto: Thea Haavet)

Martin Accad møter mange kristne i Midtausten som er redde for islam. (Foto: Thea Haavet)  


På eit hotell i fjellsida over Beirut, hovudstaden i Libanon, møter vi ei gruppe evangelikale pastorar frå Syria. For ei vekes konferanse har dei kome ut av eit krigstrøytt Syria der ein stor del av dei kristne har flykta frå krig og IS-forfølging.

Pastoren framfor oss, som ikkje vil ha namnet på trykk, ser tragedien for kristne i Syria i eit dystert historisk lys:

– Tyrkia prøvde for hundre år sidan å øydeleggje kristendommen, med folkemordet på armenarane. Etter det vi har vore utsette for no, stolar vi ikkje lenger på muslimar. Så lenge Koranen eksisterer, er den ein trussel mot kristne. Sunnimuslimane vil øydeleggje kristendommen. IS er dei sanne muslimane.

– Men mange muslimar, også sentrale lærde, fordømmer IS?

– Dei som fordømmer IS, praktiserer ikkje Koranen. Også i Syria var det før krigen mange muslimar som arbeidde saman med kristne og budde i same nabolag. Men då krigen kom, blei kristne kasta ut av husa sine. Ein i kyrkja vår mista huset sitt på denne måten. Mange kristne blei fordrivne.

Ingen tillit

– Stolar du ikkje på nokon muslim?

– Eit medlem av kyrkja vår er kristen med muslimsk bakgrunn. Men eg stolar ikkje lenger på ein muslim som nabo. Muslimar lever fredeleg så lenge nokon held dei på avstand. Men når sjansen er der, vil dei gjera alt for å ta deg. I Syria driv sunnimuslimar og sjia-muslimar også krig mot kvarandre. Utan ei regjering har dei gått tilbake til Koranen, seier pastoren og legg til:

– Satan skapte alle religionar for å skilje folk frå Jesus Kristus. Men Satan tok eit sterkare tak om islam enn over andre religionar.

Han fortel at muslimar er blitt kristne.

– IS har vist dei kor mørk islam verkeleg er, seier pastoren og legg til:

– Sist veke var det dåp av 13 truande med muslimsk bakgrunn i éi av våre kyrkjer, i ei anna var det sju. Vi seier nei til folk som vil bli døypte berre for å få ein attest som gjer at dei kan komme seg til Vesten. Men vi døyper dei som trur. Folk ser håp i Herren.

Møter frykt
Litt nærare sentrum i Beirut møter vi Martin Accad. Han er lærar i islamstudiar og kristen-muslimske relasjonar ved Arab Baptist Theological Seminary.

Han har interessert seg for møtet med muslimar sidan han som liten gut var med då bestefaren heldt kurs i å dele evangeliet med muslimar – «respektfullt og med kjærleik».

Som 15-åring bestemte Martin Accad seg for å studere teologi. Han blei med på evangelisering i muslimske landsbyar i Sør-Libanon. Han fekk ei mengd fascinerande samtalar med muslimar – som var svært opne for å snakke om Gud.

I dag møter han kristne studentar frå Midtausten og Nord-Afrika. Ein god del kjem til baptist-seminaret med sterke, negative følelsar for og idear om islam.

– Følelsane og ideane er ikkje grunnlause, dei byggjer på minne frå eige liv, familiehistorie eller eit heilt samfunns historie. Eg er usamd med noko av lesinga av historia. Men vi kan ikkje avfeie frykta. Den kraftige nedgangen for kristendomen i Midtausten og Nord-Afrika er gode nok grunnar til å lytte til folks negative førestellingar om islam, seier Accad.

Snart borte

Islamske krefter har ikkje vedvarande forfølgd kristne, påpeikar han. Men bølgjer av vald har nesten fjerna kristne frå Midtausten. Gjennom første halvdel av 1900-talet var kristendommen nær ved å bli utrydda i Tyrkia. I tiåra som følgde, emigrerte så hundretusenvis av kristne frå Egypt, Palestina/Israel, Libanon, Syria og Irak.

– Landa der kristendommen blei fødd, opplevde hundreår ved islamsk imperialisme – og  vestleg kolonialisme. No blør Midtausten. Kristendommen slik vi har kjent den i 2000 år, eksisterer kanskje ikkje i denne regionen når barna mine kjem i den alderen at dei kan gå på  teologisk seminar. Dei kristne samfunna i Irak og Syria vil aldri komme til hektene igjen etter den målretta utryddinga dei har vore utsette for. Dei lid både under islamsk religiøs fanatisme og bidrag frå utanlandske regjeringar som ofte bryr seg lite om historiske realitetar i desse landa. Kan eg klandre studentane mine for å ha stereotype holdningar om islam og muslimar, eller for å kjenne pessimisme?

«Tanken om muslimsk overherredøme kjem av ein demonisk måte å lese islamske tekstar på.»

Martin Accad

Sjå mangfaldet

Men Accad åtvarar tek tak i frykta. Han går ut mot holdningar som hindrar kristne i å nærme seg muslimar og i staden opptre aggressivt. Han meiner vi ikkje må putte alle muslimar i same boks – med frykt, bitterheit og mistillit.

– Til dei som seier at IS er det sanne andletet til islam, seier eg: Det finst ikkje eitt sant andlet av islam. Islam har ein million andlet, slik kristendommen har det. Dette må vi handtere i dialog. Det fører oss ingen stad å fortelje kor vond islam er som religion, seier Accad og held fram:

– Det er  ikkje er islam i seg sjølv som har ført til forfølging av kristne. Tanken om muslimsk overherredøme kjem av ein demonisk måte å lese islamske tekstar på. Fleirtalet av muslimar er skamfulle over IS. Eg trur dette vil endre islam. IS har tvinga «mainstream»-islam til å nytolke problematiske korantekstar som dei tidlegare har ignorert.

Accad minner også kristne om at IS ikkje berre er rekruttert på religiøs fundamentalisme, men også på ei oppleving av at Vesten opptrer som aggressor i Midtausten, også med støtte til mange diktatur. Difor nyttar det ikkje for Vesten berre å pøse på med våpen i kampen mot islamistisk terror, meiner han.

«Vi må innsjå at kristendommen slik vi har kjent den i 2000 år, kanskje ikkje eksisterer i denne regionen når barna mine kjem i den alderen at dei kan gå på eit teologisk seminar.»

Martin Accad

Han minner også om at fleirtalet av dei som har flykta frå IS, er sunnimuslimar – som IS.

– Dessutan har kristne i fleire historiske epokar i redsle lese Bibelen til støtte for ein politisk og tidvis valdeleg agenda, som under krosstoga, seier Accad.

Han meiner at dersom kristne skal nå fram til muslimar, må vi ikkje demonisere trua deira.

– Eg prøver å få studentane mine til å sjå mangfaldet i islam. Mange av muslimane dei møter i dagleglivet, tyr ikkje til vald eller er ute etter å ta dei. Den verkelege minoriteten i Midtausten er ikkje kristne, men dei militante islamistane som brukar religionen også mot muslimske «vantruande» av ulike retningar, seier Accad.

Martin Accad saman med ein shiamuslimsk sjeik frå Sør-Libanon på ein konsultasjon i Beirut i juni. (Foto: Arab Baptist Theological Seminary)

Islam og Satan
Accad går også i rette med dei som knyter islam til Satan.

– Koranen inneheld mykje materiale om Jesus. Det meste er positivt, sjølv om viktige doktrinar som at han er Guds son og døydde på krossen for syndene våre vert avvist. Vi må difor gå inn i Koranen og muslimane si forståing av synd og frelse. Folk som brukar så brei pensel må også gå inn i historiske studiar av islams framvekst frå 700-talet for å forstå kva framveksten av islam var svar på, heller enn leve i fantasien og byggje på fordommar om eit satanisk grep, seier Martin Accad.

Konvertering
Han etterlyser også eit radikalt kyrkjeleg paradigmeskifte i synet på evangelisering og konvertering.

– Når vi trekkjer oss tilbake frå den kosmiske krigen mellom religionar, kjem vi nærare Kristi evangelium. Det handlar ikkje om å auke talet på kristne for å vinne ein demografisk krig mot muslimane. Jesus adresserte ikkje feila i samfunnet sitt ved å gjere folk meir religiøse. Han lærte derimot folk å bli meir elskande, meir viljuge til å ofre seg sjølv, å bli meir som han – og mindre religiøse.

Accad tek til orde for å «refokusere linsene».

– Den formelle kristendommen blir redusert. Men det er ei veksande bølgje av Kristus-etterfølgjarar med lausare band til religiøse institusjonar. Vi kan vere vitne til ein diskret revolusjon som vil kunna snu opp ned på Midtausten og Nord-Afrika. Så når nokon er freista til å ringe med gravferdsklokkene for dei offisielle kyrkjene, kan vi tenkje på at Kristi kropp utanfor dei institusjonelle kyrkjeveggane er i vekst, seier Martin Accad.

Støtt kampen for trosfriheten

Gi en gave til vårt ar beid for kjempende kristne og kirker i Midtøsten

Gi en gave   Bli fast giver

AKTUELT

PROSJEKT